Tinging m.m.

Bestill plass på førehand (helst) på

90 94 95 67 eller via facebook. Du får raskt svar, betaling på vipps  763293 - kr 300 pr døgn.

Kvar plass er merka med lavt gjerde, stolpe med nr og lys. Pr d.d. er det tømmestasjon, reint vatn, søppel-handtering og straum. Servicebygg med dusj og wc er under arbeid. Lyset er styrt av bevegelssensor. Det er for tida 13 plassar.

Knyt att søppelposen før du legg den i søppelstativet. Stilletid mellom kl 23 og 07. Bandtvang for hund heile året på området, hugs å ta vekk hunde-/kattebæsj på og rundt plassen! Ikkje parker i branngatene eller friområde. Har du campingvogn, parkere du bilen på tilvist plass.

Ha eit fint opphald og forlat plassen slik du ynskjer å finne den!