Er du på jakt etter det gode liv? Opplev Sandsøya - eit eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land.
Sandsøya ligg rett nord av Stadlandet med Svinøya og storhavet som næraste naboar mot vest.
Med ferjesamband frå Åram (fastlandet) og Larsnes kan du kome til øya både frå nord og sør.
Rundt øya kan du finne flotte fiskeplass-er både frå land og sjø. Områda rundt øya har óg ein unik undervassfauna -eit spennande utgangspunkt for dykking/fridykking.
På fotturar langs ei spennande fjøre, kan du oppleve det yrande fugle- og dyrelivet. Delar av øya er freda og der kan du finne mange sjeldne fuglar.
På nord/aust-sida av øya finn du også ein av dei største koloniane av havørn langs kysten. 

Med eit mangfald av vegar rundt om på øya kan du oppleve det skiftande landskapet. For fotografar og andre kunstnarar har øya mange flotte motiv å by på gjennom heile året med skiftande lys og flotte solnedgongar.

Sjø og strand

Øya har fleire fine badeplassar, mest kjend er Kyrkjesanden ved kyrkja og Martinstranda ved Rosenlund. Om du ikkje føler for eit bad, innbyr sjøen, fjøra og stranda til fine opplevingar. Finne fine sjell og små krabbar, kike på manetar, sjøstjerner og små fisk frå bryggja, eller teikne i sanden og sjå bølgene viske ut kunstverket medan du kjenner roa og skuldrane senkar seg.


Fisking

På Molja (gå forbi Coop og Fine Fish) er det fint å stå å fiske med trode. Molja i seg sjølv er ein fin tur å gå for både små og store. Det er også fint å fiske frå/ved brua mellom Voksa og Sandsøya, frå svaberg og kaier rundt om på øya. I Hellandsvågen er det fint å snorkle og stikke flyndre.

Fjelltur

Sandsøy IL arrangerer 7-topptur kvar påske. Den løypa er merka og du kan gå den når du vil heile året (stortsett snøfritt på øya). Du treng ikkje starte med alle sju - Kulen og Kletten i Fløda er akkurat ein passeleg fjelltur, og fint utsiktspunkt som belønning når du står på toppen. Du ser dei rett imot frå Bubilhamna.

Dollsteinhola

Det er knytta mange historier til Dollsteinhola på Sandsøya.

Ei av dei er nedskrive i Orm Storolfsons Saga, der det vert fortalt ei soge som skal ha gått føre seg i Håkon Jarl sine dagar på Sandsøya. I den tid budde det ein jøtul kalla Brusen i Dolshellaren. Han var eit frykteleg mennesketande trollvette.

Skal du ta turen til Dollsteinhola startar ein på Skare der det er godt merka sti ut til Dollsteinen og hola.

Turen frå Skare og ut til Dollsteinen tek ca 45 min og skal ein inn i hola oppfordrar vi til å få med kjendtfolk for turen inn og ned i hola.

Hola er ca 40 meter lang, 6-10 meter brei og ca 6-10 meter høg.

Gode fjellsko og kle som toler "skit" er viktig og ikkje minst god haudelykt.

Sjå film om Dollsteinhola her



Fugle- og dyreliv

Villgeiter, oter, kobb, hjort og eit hundretals fugleartar finn på du Sandsøya. Ikkje gløym å ta med deg kikert! Rundt den freda vågen, kan du sjå eit rikt fugleliv. Ørna kretsar over øyane og er eit praktfullt skue. Villgeitene er sky, men kan også finne på å ta seg ein tur "nedpå Coopen". Oterane leikar seg i strandkanten, også i vika framfor Bubilhamna. Det er heile året ei stort antal utegongarar, sauer, på øya, derfor er det viktig å ikkje sleppe hundar lause nokon stad.

Sykle eller gå

Det er ikkje mykje trafikk på vegane her ute, så ein sykkel- eller gåtur kan anbefalast. Du kan ta ein tur på Molja, uti Honnhammaren, rundt vågen, ut til Hellandsvågen, til Skare - der du startar på turen til Dollsteinhola, opp til Stilla og gapahuken, ut på Voksa m.m.

Breidablik bygdemuseum har ope enkelte søndagar, kan kontaktast om du har lyst å kike inn.

Dollstun har besøk av Bygdekinoen omlag kvar 14. dag (bygdekinoen.no)

Rosenlund har matservering i restaurang og pub - sjekk tilbodet deira på nett.

Fiskarheimen inviterer til søndagsmiddag nokre gongar for året - vel verdt å få med seg!

Kong Arthurspelet - det er eit must!

Karin Flatøy Svarstad/ Voksa kultursenter har spennande ting å by på.

Sande kyrkje er også verdt eit besøk.

Lurer du på kva som er på gong - sjekk fb det skjer på Sandsøya og Voksa


Om det regnar eller sola skin - det er berre å kle seg etter vêret!