Sandsøya

Du kjem ut med ferge frå Larsnes eller Åram til Voksa. Fergeturen er faktisk gratis!

Frå Voksa køyrer du mot Sandshamna, første veg til høgre etter brua på Mikkelholmen, tek du av. Det er skilta med symbol for bubil og tømmestasjon. Plassen ligg fint og skjerma til ved fiskerihamna. Flott utsikt mot holmar og skjer, kort spasertur til Rosenlund  med restaurang, pub og gatekjøken. Eit steinkast unna Rosenlund ligg Coop marked

Oppstillingsplassen

Kvar plass er markert med lavt gjerde og stolpe med nummer og lys. Branngatene og plassen mellom bilane må ikkje brukast til parkering. Det er sensorar på lysa, dei slår seg på ved rørsle etter at det har blitt mørkt.